Retningslinjer for bruk av innstegsstillingar ved Universitetet i Bergen

Vedtatt i universitetsstyret 11. februar 2016.

Heimel:

Forskrift om ansettelse på innstegsvilkår, fastsett av Kunnskapsdepartementet 24.03.2015 med heimel i lov 1. april 2005 nr 15 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) § 6-4 første ledd punkt k.

1. Føremål

Tilsetting på innstegsvilkår ved Universitetet i Bergen har som føremål å legge til rette for rekruttering av talentfullt fagleg personale til faste professorstillingar. Ordninga skal bidra til å styrke universitetets høve til å rekruttere dei beste kandidatane internasjonalt, og forplikte både institutt og fakultet til å vidareutvikle kompetansen til den tilsette innan undervisning, forsking, formidling/innovasjon.

Gjennom eit langvarig tilsettingsforhold, med god og tett oppfølging fra bade fakultet og institutt, vert arbeidet med å kvalifisere seg for fast tilsetting i undervisnings og forskarstilling føreseieleg for den som vert tilsett på innstegsvilkår.

2. Ressursar

Ressursar allokert til innstegsstillingar skal årleg avgjerast av universitetsstyret og fakultetsstyra i samband med årsbudsjettet. Fakultet og institutt, som vedkomande vert tilsett ved, er pliktig til å allokere ressursar for fast professorstilling etter åremalsperioden.

3. Tilsettingsprosedyre

Reglane for tilsetting i førsteamanuensis/professorstilling i Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger mm. vert lagt til grunn ved tilsetting i innstegstillingar med desse tilføyingane:

  • For å støtte opp under føremålet med ordninga skal innstegsstillingar lysast ut opent innanfor alle fakultetets fagområde eller med stor fagleg bredde på tvers av fagmiljø. Unntak kan gjerast ved spesielle behov for å bygge opp nye fagområde eller styrke kritiske fagområde.

  • Stillinga må lysast ut breitt nasjonalt og internasjonalt.

  • Det skal normalt ikkje ha gått meir enn 5 år sidan den som vert tilsett disputerte for doktorgraden. Det kan giast tillegg i tid for permisjon knytt til fødsel eller adopsjon.

  • Utlysinga må også innehalde nødvendige krav til søkjarane som følgjer av punkt 5 nedanfor.

4. Professorstilling

Ved tilsetting i ei førsteamanuensisstilling vert kandidaten gitt høve til å kvalifisere seg for fast tilsetting i ei professorstilling i åremålsperioden. I perioden vedkomande er åremålsstilsatt på innstegsvilkår gjeld ikkje ordninga med opprykk til professor etter kompetanse. Åremålsperioden er seks til sju år.

Rektor kan etter søknad frå fakultet innvilge tilsetting i ei postdoktorstilling med høve til å kvalifisere seg for fast tilsetting i ei førsteamanuensisstilling. Søknaden må grunngi kvifor ein ønskjer tilsetting i ei postdoktorstilling og ikkje i ei førsteamanuensisstilling.

5. Arbeidsavtalen

5.1 Krav til den som vert tilsett

Arbeidsavtalen, saman med utlysingstekst og stillingsbeskriving, fastset dei resultat, krav og kriterier den tilsette skal oppfylle i løpet av åremalsperioden for å få fast tilsetting som professor.

I tillegg til krava som følgjer av Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger mm. skal fylgjande krav vere oppfylte for å få fast tilsetting etter åremalsperioden:

a) Forsking: Kunne vise til god progresjon i utvikling av eigen forskarkarriere. Evne til sjølvstendig forsking, tverrfagleg samarbeid og forskingsleiing. Dokumentere aktiv deltaking og innlegg på nasjonale- og internasjonale forskingskonferansar. Ha godt omdømme som forskingsrettleiar.

b) Undervisning: Ha delteke i ordinær undervisning, rettleiing og eksamensavvikling. Ha oppnådd tilfredsstillande studentevaluering av eiga undervisning i løpet av åremalsperioden.

c) Formidling: Kunne vise til bade fagleg og allmennretta formidling av eiga forsking gjennom artiklar, foredrag, kronikkar etc.

Det kan også stilles krav om:

d) Akademisk leiing: Ha delteke aktivt i instituttets, fakultetets og universitetets akademiske utviklingsarbeid. Kunne vise til deltaking i bedømmingskomitear og andre organ i sektoren, og til samarbeid med andre institusjonar. Kunne vise til oppdrag med fagfellevurdering av forskingspublikasjonar.

e) lnternasjonalt samarbeid: Aktiv deltaking i utvikling og gjennomføring av internasjonale samarbeidsprosjekt innan bade forsking og undervisning, samt formidling gjennom publikasjonar med internasjonalt medforfattarskap.

  1. Søknader til EU.

  2. Evne til å tiltrekke seg/forskingsgruppa ekstern finansiering.

  3. Ha rettleia minst ein phd-kandidat til fullført doktorgrad.

5.2 Krav til arbeidsgjevar

  1. Tid til fagleg utvikling.

b) Rettleiing og oppfølging: Fakultetet skal nemne opp to faglege mentorar for kandidaten for dei første 4 åra av perioden. Den eine mentoren skal vere kandidatens overordna forskingsleiar.

Mentorane skal assistere kandidaten i å utarbeide ein karriereutviklingsplan for å oppnå måla i arbeidsavtalen. Planen skal vere utarbeid og levert institutt og fakultet innan tre månader frå tilsettingsdato. Fram til midtvegsevalueringa skal mentorane gje kandidaten fagleg rettleiing, opplæring og råd for å byggja ei akademisk karriere. I tillegg skal kandidaten ha to medarbeidarsamtalar pr år med overordna forskingsleiar. Etter midtvegsevalueringa skal kandidaten følgjast opp på same måte som andre fast tilsette førsteamanuensar.

c) lnfrastruktur og forskingsgruppe: lnstituttet skal legge til rette for at kandidaten får nytte tilgjengelege forskingsressursar på like vilkar med andre vitskapleg tilsette.

d) Søknadsstøtte: Fakultetet skal tilby kandidaten rådgivingsstøtte til søknader om ekstern forskingsfinansiering. lnstituttet skal gi støtte til budsjettering av søknader og tilrettelegging for drift av slike prosjekt.

6. Midtvegsevaluering

Fakultetet skal gjennomføre ei formell midtvegsevaluering som skal vere avslutta før kandidaten har vore tilsett i fire ar. Evalueringa skal gjennomførast med utgangspunkt i krava i arbeidsavtalen, jf pkt 5 ovanfor. Fakultetsstyret skal fastsetje nærmare kriterium for midtvegsevalueringa:

a) Fakultetsstyret v/dekanen nemner opp bedømmingskomité på minst tre medlemmar. Begge kjønn skal om mogeleg vere representert.

b) Fakultetsstyret v/dekanen fastset bedømmingskomité seinast innan tre år fra oppstart.

Samstundes fastset dekanen frist for innlevering av arbeid, tidspunkt for intervju og frist for levering av rapport fra bedømmingskomiteen. Kandidaten skal ha beskjed om fristar og bedømmingskomité så snart dette er fastsatt.

c) Kandidaten skal skriftleg levere inn dokumentert arbeid som viser progresjon i henhold til krava i arbeidsavtalen. I tillegg skal kandidaten levere ein skriftleg sjølvevaluering av oppnådde resultat så langt i åremalsperioden. Kandidaten skal også rapportere i kva grad fakultet og institutt har innfridd i forhold til tilrettelegging og plikter nedfelt i arbeidsavtale. Sjølvevalueringa skal vere på maks fem sider.

d) lnstituttet skal til same frist levere skriftleg rapport over kandidatens oppnadde mål samt ei evaluering over tilrettelegging og støtte som er gitt kandidaten.

e) Rapporten fra bedømmingskomiteen skal gje kandidaten rettleiing på kva som må forbetrast i siste del av åremålsperioden for at krava om fast tilsetting skal verta oppfylt. Fakultetsstyret skal orienterast om utfallet av midtvegsevalueringa.

7. Sluttevaluering

Før utløpet av åremalsperioden skal fakultetet sørgje for ei vurdering av om krava som vart fastsett i arbeidsavtalen er innfridd. Vurderinga av kandidatens forskingskompetanse og forskingspotensial skal føretas av ein bedømmingskomité innanfor kandidatens fagområde. Komiteen skal ha tre medlemmar, og minst eit medlem fra ein utanlandsk institusjon. Berre eit medlem av komiteen kan vere tilsett ved UiB. Begge kjønn skal om mogleg være representert i komiteen.

Innan 12 manader før utløpet av åremalet skal fakultetsstyret v/dekanen ha oppnemnt bedømmingskomité samt fristar for innlevering av arbeid og bedømmingsrapport. Kandidaten skal ha beskjed om fristar og bedømmingskomité så snart dette er vedteke.

Fakultetsstyret fastset retningslinjer for vurdering av om kandidaten oppfyller dei øvrige krava i arbeidsavtalen.

Kandidaten skal ha beskjed om utfallet av sluttevalueringa seinast 6 månader før utgangen av åremalet. Kandidaten kan komme med merknader til evalueringa og det kan gis tilleggsfrasegn til dei delane av evalueringa.

8. Tidleg sluttevaluering

Kandidaten kan søkje om forsert sluttevaluering etter minst tre års tilsetting i stillinga, sjølv om han ikkje har fått oppfølging og rettleiing etter pkt. 5.2, 6 og 7.

Kandidaten kan få ny sluttevaluering etter pkt. 7 dersom den forserte evalueringa endar med negativt resultat.

9. Rett til fast tilsetting

Med utgangspunkt i sluttevalueringa avgjer fakultetsstyret om kandidaten skal gis fast tilsetting i stilling som professor.

Er fakultetsstyret i tvil om sluttevalueringa er adekvat og forsvarleg, skal fakultetsstyret foreta det som er nødvendig for å avklare og eventuelt korrigere ei slik usemje, men ikkje sjølv foreta ei evaluering.

Øvrig saksbehandling i fakultetsstyret skjer i henhold til Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger mm., punkt 6.4.3.

10. Permisjonar og forlenging av tilsetjingsperioden

Permisjonar kandidaten har krav på etter lov eller tariffavtale, skal ikkje reknast med ved utrekning av tilsetjingsperioden. Det skal giast forlenging for redusert arbeidstid etter arbeidsmiljølovas §10-2 fjerde ledd på grunn av omsorg for barn og nær familie.

Avgjerd på søknad om permisjonar av andre årsaker og om forlenging av tilsetjingsperioden, skal takast av fakultetsstyret. Andre permisjonar enn dei kandidaten har krav på kan ikkje samla utgjere meir enn eit år.

Dato

Kommentar

Lagt inn av

05. juli 2019 09:49:52

UST sak 32/19

Kathrine Brosvik Thorsen

05. juli 2019 09:48:29

UST sak 130/16

Kathrine Brosvik Thorsen

27. februar 2017 12:13:07

UST sak 130/16

Kathrine Brosvik Thorsen

07. mars 2016 11:24:05

Publisering av nye retningslinjer for innstegsstillingar ved UiB

Olaug Eiksund

07. mars 2016 09:32:57

Publisering av nye retningslinjer for innstegsstillingar ved UiB

Olaug Eiksund

07. mars 2016 09:22:50

Publisering av nye retningslinjer for innstegsstillingar ved UiB

Olaug Eiksund