Språkpolitiske retningslinjer
Vedtatt av universitetsstyret 31.10.2019, siste endret 10.9.2026, jf. sak nr. 2026/54324.
Dei språkpolitiske retningslinjene er forankra i Universitetet i Bergens (UiB) strategi. Langsiktig og grunnleggjande forsking og forskingsbasert utdanning av høg internasjonal kvalitet er fundamentet for all verksemd. Som ein sentral norsk kunnskaps- og kulturberande institusjon har UiB òg ei viktig rolle i å røkte det norske språket og å halde norsk fagspråk levande. UiB skal vere eit språkleg førebilete.
UiBs språkpolitikk skal bidra til høg fagleg kvalitet på forsking, undervisning og formidling, eit sterkt kollegialt fellesskap, eit levande universitetsdemokrati, ein velfungerande administrasjon og eit arbeidsmiljø som gjev rom for trivsel, inkludering og mangfald.
Overordna prinsipper
UiBs språkpolitikk er utforma innanfor rammene av UiBs strategi, språklova og universitets- og høgskulelova med forskrifter, samt den nasjonale handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia.
Hovudspråket ved UiB er norsk. Alle har rett til å bruke svensk eller dansk. Engelsk er det primære ikkje-skandinaviske språket.
UiB skal ha ein medviten parallellspråkleg praksis, der norsk og engelsk kan brukast side om side utan at norsk blir fortrengt.
Alle fast vitskaplege tilsette i ordinære undervisnings- og forskingsstillingar skal ha norskferdigheiter på nivå B2 seinast innan tre år etter tilsetjing.
UiB skal tilby kurs og opplæring som legg til rette for at studentar og tilsette kan tileigne seg naudsynt språkkompetanse, med utgangspunkt i språklege rettar som er fastsette i språklova, og den einskilde sitt ansvar for eiga læring.
For fast vitskapleg tilsette som skal oppfylle krav til norskkompetanse, skal det leggjast til rette for relevant språkopplæring.
UiB har eit særleg ansvar for nynorsk i høgare utdanning. Både nynorsk og bokmål er administrasjonsspråk ved UiB, og dei skal nyttast i eit tilnærma likt omfang over tid.
Oppfølginga av språkpolitikken er eit leiaransvar på alle nivå.
Utdanning
Norsk skal vere hovudspråket i undervisninga ved UiB.
UiB skal kunne tilby engelskspråklege studieprogram og emne på engelsk.
UiB skal bruke, utvikle og styrke norsk fagspråk og terminologi, både bokmål og nynorsk, i utdanninga.
Faglitteratur og læremiddel skal vere på norsk når det finst norske ressursar av fagleg tilsvarande kvalitet som framandspråklege.
UiB skal ha eit godt og omfattande tilbod om kurs i norsk språk for utanlandske studentar
Forsking og formidling
Forskarar og forskingsmiljø har fridom til å velje det språket som best tener forskingsformåla deira.
UiB skal bidra til forskingsformidling, vitskapleg publisering og kunnskapsbasert samfunnsdebatt på norsk, engelsk og andre språk.
UiB skal ha ei tydeleg rolle i utviklinga av norsk fagspråk og terminologi. Dette omfattar òg utvikling og tilgjengeleggjering av norsk terminologi og norskspråklege kunnskapsressursar.
Forskarutdanninga skal ha ein medviten parallellspråkleg praksis som tek omsyn til både internasjonal forskingsverksemd og UiB sitt ansvar for norsk fagspråk.
Administrasjon
Norsk er administrasjonsspråket ved UiB, i universitetets styringsorgan og administrasjon på alle nivå.
UiB skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppene.
UiBs einingar og bygg skal ha namn på norsk som dekker både bokmål og nynorsk.
UiB skal ha eit språktilbod til tilsette som ønskjer å lære norsk.
Gjennomføring og oppfølging
UiB skal ha eit språkpolitisk utval som skal:
rapportere årleg til universitetsstyret om status for oppfølging av dei språkpolitiske retningslinjene.
bidra til at UiB innhentar relevant informasjon frå fakulteta og fellesadministrasjonen om språkbruk ved UiB – i publisering, undervisning, formidling, møteverksemd og arbeids- og administrasjonsspråk.
bidra til at kvalitet og omfang på UiBs språkopplæringstilbod blir vurdert jamleg.
gje råd om oppfølging av dei språkpolitiske retningslinjene.
bidra til at språkpolitikken ved universitetet er kjent i organisasjonen.
innstille til årleg språkpris som gjev merksemd til fagmiljø for særleg inspirerande tiltak som styrkar språkbruken ved UiB, til dømes språkkafear, språk mentorordningar, bruk av ny teknologi i samband med språkbruk
Det språkpolitiske utvalet skal ha minst fire møter i året og leiast av ein vitskapleg tilsett. Utvalet skal ha eit sekretariat leia av Kommunikasjonsavdelinga, i administrativt samarbeid med HR-avdelinga. Utvalet skal ha medlemmar frå vitskapleg tilsette (4); der ein er midlertidig og ein skal framandspråkleg bakgrunn, studentane (1), og teknisk-administrativt tilsette (2). Universitetsleiinga oppnemner leiar for utvalet og medlemmar blant dei tilsette ved UiB kvart andre år, medan studentrepresentantar blir oppnemnde årleg.
Dato |
Kommentar |
Lagt inn av |
|---|---|---|
|
Nye retninglsinjer |
Mona Viksøy |
|
Nye retningslinjer |
Mona Viksøy |
|
Nye retningslinjer |
Mona Viksøy |
|
ny side |
Bente Krossøy |