This text is available in Norwegian only

Reglement om opptak for ett-årig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen

Vedtatt i fakultetsstyret ved Det psykologiske fakultet 14.09 2011

§ 1. Opptakskomité

Komiteen er samansett av seks medlemmar med representantar frå Det humanistisk fakultet, Det samfunnsvitskapelige fakultet, Det psykologiske fakultetet og Det matematisk-naturvitskapelige fakultet, samt to studentrepresentantar oppnemnt av Norsk studentunion (NSU).

§ 2. Faglige krav til utdanning

Søkjarane må ha fullført minst 180 studiepoeng høgare utdanning eller tilsvarande, og ha relevant fagutdanning i minst to fag som gjev grunnlag for tilsetjing for undervisning i allmenne teoretiske fag i grunnskulen (mellom- og ungdomssteget) og/eller i den vidaregåande skulen. Det kan i visse tilfeller være mulig å bli tatt opp med eitt fag. Fagutdanninga må vere samansett av relevante emne med minst 60 studiepoeng (eller tilsvarande) for kvart fag. Normalt må en ha et snitt på minst C i de undervisningsfag som er opptaksgrunnlaget. Det er dei einskilde fagmiljøa ved UiB som vurderer om utdanninga er relevant som opptaksgrunnlag til PPU. Avvik fra krav om C vil bli behandlet individuelt.

Unntak: Ein kombinasjon av naturfaglege emne kan vere eit sjølvstendig opptaksgrunnlag, dersom den består av minst 90 studiepoeng totalt i relevante naturvitskapelege emne med minimum 15 studiepoeng relevant utdanning i kvart av faga fysikk, kjemi, biologi. Kvalifiserer emnesamansettinga både til opptak i eit av de spesifikke naturfaga (minimum 60 studiepoeng) og til naturfagkombinasjonen totalt, vil overlappande emne telle som opptaksgrunnlag for begge kategoriane.

§ 3 Språkkrav

Søkjarar som har utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere tilstrekkeleg kunnskap i norsk jf. § 2-1 og 2-3 Forskrift om opptak til universitet og høgskolar, fastsett av KD 10.10.05.

Minimumskrav til dokumentasjon av kunnskap i norsk er ein av

følgjande prøver:

- stått eksamen frå Læreplan i norsk som andrespråk

- stått eksamen frå trinn 3 i norsk for utanlandske studentar ved universiteta

- stått eksamen frå 1-årig høgskulestudium i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar

- Test i norsk, høgre nivå, skriftleg (”Bergenstesten”) med minimum 450 poeng eller «stått» etter ny vurderingsordning f.o.m. hausten 2009.

§ 3. Søknaden gjeld

Søknaden om opptak gjeld heile det eittårige studiet. Unntaket er studentar som tidlegare har fullført første semester. Desse kan søkje seg inn igjen direkte på andre semester under føresetnad av at studieplanane for PPU framleis er kompatible.

§ 4. Avgrensingar i opptaket

Det kan berre takast opp studentar med fag som UiB har fagdidaktisk undervisningstilbod i, og som det er mogleg å skaffe praksisplassar til i skulen. For enkelte fag og fagkombinasjonar vil talet på studieplassar vere avgrensa.

§ 5. Talet på studieplassar

UiB fastset for kvart studie år kor mange studentar som skal takast opp på programmet. Herunder blir talet på studieplassar innanfor dei ulike fagområda fastsett.

§ 6 Kvote

Det kan opprettast spesialkvote for kortare eller lengre tidsperiodar for å oppfylle utdanningspolitiske mål fastsett av UiBs sentrale organ.

§ 7. Køregulering

Melder det seg fleire søkjarar enn det er studieplassar til på dei respektive fag/fagområda, vil søkjarane normalt bli tekne opp etter følgjande prioriterte rekkefølgje:

  1. Fullført grad frå universitet eller høgskule kor høgare grad går framfor lågare grad. Relevant grad prioriterast.
  2. Totalvurdering kor karakterar i fagutdanninga inngår.
  3. Totalt tal studiepoeng i undervisningsfaga inklusive eksamen i søknadssemesteret kor sensur ikkje har falt ved opptak.
  4. Tal undervisningsfag. Søkjarar med tre fag rangeras framfor søkarar med to fag.

§ 8. Stadfesting og frammøteplikt.

Dei søkjarane som ikkje stadfester at dei tek imot tildelt studieplass innan fristen, eller ikkje møter opp på frammøtedagen, mister retten til opptak i det aktuelle semesteret.

§ 9. Klage

Ved klage på vedtak om opptak gjeld forvaltningslovas vedtekter om klagefrist, jfr. forvaltningslovas § 29. Klagen skal rettast til opptakskomiteen. Viss klagar ikkje får medhald av komiteen, blir klagen sendt til den sentrale klagenemnda for ei endelig avgjersle.

Vis endringshistorikk
Dato Kommentar Lagt inn av
17. januar 2012 13:36:50 Vedtatt i fakultetsstyret ved Det psykologiske fakultet 14.09 2011 Bente Krossøy
31. januar 2011 14:54:39 Import Siglinde Marguerite Svare
16. november 2009 13:22:54 Import Administrator User
Logo for Universitetet i Bergen

©2009 Universitetet i Bergen

Adresse: Postboks 7800 5020 Bergen

Besøksadresse: Nygårdsgaten 5

Telefon: (+47) 55584201 Faks: (+47) 55548299